LOOP sorterer tankene

Mjuke fakta


Illustrasjon: Serenity by Oladesign

Kva er eigentlig vitsen tenkjer du, når du står med oppvaskkosten og vaskar eit tilgrisa yoghurtbeger. Står eg her og trur at eg gjer ein innsats for miljøet, så er det heile berre ein bløff?

Samfunnsdebatten går, med jamne mellomrom stiller ein og anna samfunnskritikar spørsmål om kvifor vi kjeldesorterer og resirkulerer avfallet vårt. Mange av oss har nok kjent på tvilen og usikkerheita rundt om dette er noko vits.

Det som er sikkert er at det har skjedd mykje med søpla vår dei siste tiåra. I ”gamle dagar” hadde folk mindre, kjøpte færre ting og hadde mykje mindre avfall. Matavfall var eit framandord. Så starta kjøpefesten og søppelberga vaks. Søppelet blei eit problem for samfunnet, som måtte løysast.

Løysinga var å brenne ( les: energigjenvinne) det avfallet som ikkje kan brukast om igjen eller som ein ikkje hadde ei ordning for å gjenvinne, og å utvikle system for å bruke resten av avfallet som råvarer i produksjonen av nye produkt. Avfallsbransjen har utvikla stadig ny teknologi som gjer at vi kan utnytte avfallet på ein betre måte.

Avfallet har blitt ein ressurs og ei ettertrakta råvare!

Det er ingen som har sagt at riktig handsaming av avfallet er løysninga på verda sitt klimaproblem. Ordningane som er utvikla har gitt ei løysning på det faktum at vi var i ferd med å drukne i søppel. At det har ei positiv effekt for klimaet er ein bonus som vi tek med oss, og som gjer oss til kvardagsheltar når vi tek det ekstra bryet det er å vaske syltetøyglaset eller mjølkekartongane.

At nokon, til og med ein vestlending som burde vite betre berre ved å sjå ut vindauget, gir avfallsbransjen skylda, og påstår at viss eg sorterer søpla mi så må nokon fleire fyre med olje. Då må eg smile!

Saman tek vi vare på ressursane!

Dette innlegget ble opprinnelig publisert på nettsidene til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk den 6. september 2012, og er gjengitt her med forfatterens tillatelse.

Har du noe å si?

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>